Firmanamn:Vossatakst Hanto AS
Post- og kontoradresse:Skulestadvegen 126 5710 SKULESTADMO
Telefon:+47 911 79 789
E-post:post@vossatakst.no
Web-adresse:http://www.vossatakst.no/
Foretaksnummer:985 707 146
Vekselbanken – konto:9581.08.08633
Rekneskapsførar:Økonomi Kontoret Voss AS

Stein Oddvar Hanto – Dagleg leiar og Takstingeniør/takstmann

Tømrar, byggmeister og dagleg leiar i eigne verksemder på Voss sidan 1978.
3 år ved Granvin Bruk, produksjon og sal av trelast.
Lærar på Voss Vidaregåande Skule i tømrarfag, fagteikning og byggeskikk.
Kursutviklar og føredragshaldar for Norsk takst.

Takstutdanning hjå NITO Takst, Norges Eiendomsakademi (NEAK), Naturskadepoolen og Landbruksdirektoratet.
Sertifisert Byggtermografør Level 1 hjå ITC.

Kundar og marknadsområde

Våre kundar er heile spekteret innan bygg og eigedom;
Private, næring, entreprenørar, bank/finans, advokatkontor, domstol, offentleg forvaltning, skadeforsikring og naturskade.

Vår primære marknad er i kommunane Voss, Ulvik, Eidfjord, Ullensvang, Vaksdal, Vik, Aurland og Lærdal.

Stein Oddvar Hanto er sertifisert Takstingeniør i Norsk takst.

Ein Takstingeniør har grunnkompetanse som byggingeniør og/eller meisterbrev samt lang og brei erfaring innan byggtekniske fag. Obligatorisk etterutdanning, strenge etiske reglar og offentleg klageordning kombinert med web-baserte rapportsystem skal sikra kvaliteten på våre tenester og takstprodukt.

QR-merking av våre takstrapportar sikrar mot misbruk og forfalsking.