Ein takstrapport er eit verdidokument. Ein god og utfyllande takstrapport er avhengig av kunden/rekvirenten si aktive deltaking og informasjon om takstobjektet.

Dokument som er aktuelle når Takstingeniøren kjem på synfaring:

Målebrev (dokumentasjon på tomteareal og grenser)
Skøyte (tinglyst dokument som stadfestar eigedomsretten)
Situasjonskart (kartskisse som viser tomt og bygningar mv.) - fins også på nett
Teikningar av bygg (mål 1:100, gjerne arbeidsteikningar 1:50)
Ferdigattest eller mellombels bruksløyve
Kvittering offentlege avgifter (renovasjon, feiing, vatn/avløp, eigedomskatt)
Forsikringspapir
Likningsverdi (formue - sjå siste års sjølvmelding)
Evt. kjøpekontrakt / leigekontrakter
Festekontrakt (gjeld ved festetomter) NB - skal leggjast fram!
Tidlegare takstrapportar (kan gje nyttig informasjon om tilstand/utbetringar mv.)

For eigarseksjonar også:

Fellesutgifter
Vedtekter
Årsmelding med rekneskap
Gjerne planteikning med seksjonen innteikna

For burettslagsleilighetar også:

Opplysningar frå forretningsførar.
Fellesutgifter, gjeld/formue, vedtekter, årsmelding

Generelt.

Kva dokument som er naudsynt under befaringa, er noko avhengig av føremålet med taksten.

Våre prisar byggjer i utgangspunktet på at rekvirenten sjølv skaffar naudsynt dokumentasjon og har denne tilgjengeleg ved synfaringa. Du kan også sjølv kontrollera eigedomsdata hjå Statens Kartverk - http://www.seeiendom.no/
Kontroll av Matrikkelen (eigedomsdata og heimelshavar) og Grunnbok (elektronisk utskrift) er inkludert i Norsk takst sine skjematur.

Kontroll av byggesak etter nærare avtale.

Tinging av takst