Uavhengig kontroll
 
Vi leverer uavhengig kontroll i tiltaksklasse 1 (SAK10 kap.14). Lufttetthet og våtrom.
 
Byggelånskontroll
 
Byggelånskontroll og førehandstakst - spesielt produkt for bank/låneinstitusjon.
 
Termografi
 
Kva er termografi - varmekamera/IR-kamera?
 
Katten Inkat med vanleg digitalfoto
´KattenVarmeavtrykk sekunder etter at katten hoppa på golvet
Våre auge ser ljos-strålar
IR-kameraet ser varmestrålar
"Varme-avtrykk" - her låg katten!
 
Alle objekt sender ut varmestrålar. I eit termografikamera blir varmestrålane (infraraud stråling) rekna om til temperaturar.
Kamera kan lagre slike foto parallelt med digitale foto.

Etter termograferinga skal det utarbeidast ein termografirapport med utskrift av bilete og med kommentarar. Rapporten skal vera konstruktiv slik at innhaldet kan gje nyttig informasjon om evt. svikt i konstruksjonar og også gje rettleiing om fornuftige tiltak for å utbetra.

Den som utfører termografering av bygningar, må ha gode byggetekniske kunnskapar, kjenna til korleis varmestråling opptrer i bygningar, meistra utstyret og kjenna gjeldande standard (NS-EN 13187).

Byggtermografi blir ofte utført i kombinasjon med lekkasjeprøving/tetthetskontroll. Poenget er å etablera ein stor nok forskjell i lufttrykk mellom ute og inne. Ved temperaturforskjell mellom utelufta og inne (helst over 10 grader forskjell) kan IR-kameraet då registrera og ta bilete av lågare temperatur på lufta som strøymer inn i eit lekkasjepunkt.
Byggtermografering er ikkje avhenging av den kalde årstida - vinter. Vi kan også utføra termografi og trykkprøving i den "varme" årstida - låg utetemperatur om morgonen og/eller ekstra oppvarming inne. Dette kan vera aktuell prosedyre ved tvistesaker og reklamasjonsfristar.

Vosstakst Hanto AS har spesialkompetanse i fagkombinasjon Byggtermografi, Lekkasjeprøving og Tilstandsanalyse. 
 
Luftlekkasjemåling - Trykkprøving
Byggeforskriftene stiller definerte krav om tetthet i bygningar. Stadig strengare krav tilseier også at kontroll og dokumentasjon (verifisering) blir naudsynt.

Etter gjennomført trykkprøving får kunden ein rapport som dokumentasjon på tetthet og ein konklusjon/attest om samsvar med aktuelle forskriftskrav den dagen bygningen var ny. 

Luft lekkasje måling bustad på Voss
foto: Stein O. Hanto / 2009


Minneapolis Blowerdoor

 
Komplett system for måling av lufttetthet i bygningar.
Godkjend system for uavhengig 3. parts kontroll.



Ei trykkprøving vil avsløra om bygningen har svake punkt i utvendig vindtetting eller innvendig plastfolie.
Slik test kombinert med termografi vil gje klåre indikasjonar på svake punkt og vil såleis gje godt grunnlag for val og prioritering av utbetringstiltak / ENØK.

Fordel ved trykkprøving/termografi er at metoden er ikkje-destruktiv, dvs. at me ikkje treng å opna i konstruksjonar med fysiske inngrep.
 
Fuktkontroll - analyse og tiltak
 
Fukt/vatn påverkar huset ditt frå alle kantar!
Illustrasjon henta frå Byggforsk Detaljblad 421.132
 
Fuktproblem i bygg - store kostnadar.
 
Anslagsvis 75 % av alle byggskadar skuldast fukt eller verknadane av fukt.
Fukt er ein medverkande årsak til korrosjon, soppvekst og anna biologisk aktivitet, og til frostsprenging, svinn, svelling og saltvandring.
Fukt kan også føra til helseskadelege emisjonar frå materialer.
 
Vosstakst Hanto AS utfører kontroll og kartlegging av fuktproblem og har kunnskap om aktuelle tiltak for problemløysing.
 
Inneklima
Muggsopp/råte, skadedyr, insekt, asbest

Muggsopp førekjem naturleg utandørs. Muggsoppsporer i utelufta varierer i mengde og artssamansetjing.

Etter vatnskade skal som hovudregel alt vatnskada organisk materiale fjernast.

Mus og rotter kan gjera skade på bygningar.

Insekt innomhus er oftast harmlause - utan å gjera skade. Nokre insekt kan likevel gjera skade, som stokkmaur og husbukk. 

Eternittplater blei tidlegare bruka både utomhus og innomhus. Normalt ikkje fårleg før riving eller skade på platene (frigjering av asbestfiber).

Ta kontakt med oss.
 
Radon
Radon er ein usynleg og luktfri edelgass som førekjem i ulike konsentrasjonar over alt i naturen. 

Kvar kommune er pålagt å kartleggja førekomst av radon og skal kunne gje informasjon om dette.
Statens strålevern sine nettsider har meir informasjon om radon i bygningar - www.nrpa.no

Måling av radon
Konsentrasjon av radon bygningar kan målast på ulike måtar:
- Øyeblikksmåling (under eit døgn, evt. i samband med trykkprøving).
- Utvalsmåling (over meir enn 2 veker). Krev særskilde måleinstrument.
- Langtidsmåling - for vurdering av tiltak (meir enn to månadar og helst i vinterhalvåret).
For private bustadar er denne metoden mest aktuell og kan utførast enkelt ved sporfilm-metoden.
Her kan huseigar sjølv kjøpa inn særskilde boksar som blir utplassert i to ulike opphaldsrom over lengre tid og så blir sendt inn til analyse. Låg kostnad.
 
Rådgjeving

I tillegg til våre takstprodukt har vi omfattande fagkompetanse innan bygningsfag.
  • Fagkompetanse under visning ved bustadkjøp eller leiga av bustad
  • Fagkompetanse ved overtaking av nybygg
  • Tilstandsvurdering av bygning - råd om vedlikehald og tiltak
  • Fuktmåling og generell kontroll og rådgjeving ved byggearbeid
  • Energi-rehabilitering: Analyse/tilstandsvurdering og rådgjeving for aktuelle tiltak
  • Byggtermografi (varmekamera)
  • Trykktest/lekkasjemåling av klimaskjerm (aktuelt både for entreprenør og kunde ved nybygg og i tvistesaker)
  • Byggelånskontroll og førehandstakst - spesielt produkt for bank/låneinstitusjon
  • Uavhengig kontroll i tiltaksklasse 1 (SAK10 kap.14)
 
 
Energimerking
 
Energimerke
 

Frå 1. juli 2010 skal alle bustadar ha energiattest. Dette gjeld bustadar for utleige eller sal.
Energiattesten er eit energimerke som viser bygget sin energistandard. Målet er auka fokus og kunnskap om energibruk og løysingar/tiltak som kan gjera bustaden meir energieffektiv.

Norges Vassdrags- og Energidirektorat (NVE) har lagt opp til at huseigar sjølv kan utføra registreringa. Denne kan du levera på to ulike nivå, enkel registrering eller detaljert registrering.  

Eller du kan tinga energiattest frå spesialist - Vossatakst.

Meir informasjon finn du her: www.energimerking.no

 

Vossatakst Hanto AS
Skulestadvegen 126
5710 SKULESTADMO
Tlf: +47 911 79 789
Epost: post@vossatakst.no

        Rediger